Ekskursjonar til utlandet i veke 14

I veke 14, 4.-8. april, var fire grupper på ekskursjon: 3ST engelsk til London, 3MU til London, 3MK til Paris og 3ST toppidrett til Spania. Ansvarlege lærarar var Ragnhild Oterholm, Maria York, Siv Aurdal, Stein Henrik Vartdal, Marit Brekke, Tone Klepp, Trond Klepp, Tjalve Sørheim og Aase Norunn Digernes.

3ST engelsk til London
Lærarane Ragnhild Oterholm og Maria York reiste til London med ei gruppe på 24 elevar, dei aller fleste frå faga Engelsk kultur og litteratur og Samfunnsfagleg engelsk. Dei reiste frå Vigra til Gatwick via Gardermoen og landa på engelsk jord tidleg måndags ettermiddag. Hovudpunkta på programmet var Shakespeare's Globe Theatre, guida omvising på National Gallery, tur til Guilford, Imperial War Museum og the Tower of London.
Klikk her for å laste ned ein presentasjon med tekst og bilete. Tekst og foto: Ragnhild Oterholm.

3MK til Paris
Marit Brekke og Tone Klepp var reiseleiarar til Paris for 3MK. Dei reiste frå Vigra til Paris via Gardermoen og var framme på hotell Kyriad, sør-aust i Paris måndag ettermiddag. Hovudpostane på programmet: Sightseeing, Triumfbogen, Louvre, Disneyland Paris/Versailles/byvandring i Le Marais, Vitskapsbyen i La Villette og Montmartre. Siste punktet på programmet var førelesing med journalist Vibeke Knoop Rachline i det norske huset på studentbyen i Paris. Turen må seiast å vere svært vellykka.
Her finn du ein presentasjon frå paristuren. Foto: Ingvild Velsvik

3ST toppidrett til Spania
Klikk her for å lese om denne ekskursjonen i nettavisa "Skulenytt".


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.