Ekskursjon til Runde

Torsdag 2. september var alle fire førsteklassene på studiespesialisering på ekskursjon til Runde, cirka 100 elevar og åtte lærarar. Målet med turen var å gjennomføre eit tverrfagleg opplegg i faga naturfag, geografi og kroppsøving. Samtidig var det også meininga at førsteklassingane skulle nytte turen til å bli betre kjende med kvarandre.

Dagen starta med eit foredrag av marinbiologen Roger Kvalsund på Runde miljøsenter. Her fekk vi høyre litt om havstraumar, og kvifor Runde har eit unikt dyreliv. Deretter la vi ut på tur over øya. I strålande solskinn og laber bris var det ikkje noko problem å sjå nokre av fugleartane som er så spesielle for øya, bl.a storjo og havsule. Også plantelivet vart kartlagt, og både dyr og planter vart bestemte og deretter, ved hjelp av kart, vart koordinatane til funnstaden lagt inn.

I dei lune grasbakkane ved Lundeura med ei fantastisk utsikt utover havet, var det pause og foredrag. Dagen vart avslutta med tur i fjøra der det vart servert kokt strandsnigel til forrett og grilla laks til middag krydra med ulike tangsortar.

Vi håper at turen har gitt ei større forståing av kvifor øya Runde har viktige fuglefredingsområde og delvis er verna som eit naturreservat. Det vart ein sosial tur for både elevar og lærarar. Det var god stemning og positive elevar som reiste heim. Vi takkar for oss og kjem gjerne igjen neste år.

Tekst: May Charlotte Myklebust

Klikk på peikaren under for å sjå ein presentasjon frå turen. Foto: Olav Myklebust

Ekskursjon til Runde 020910


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.