Eit originalt opplegg

Fredag 31.10.2008 fekk elevane i 3MU og elevane ved PTF (prosjekt til fordjuping) RADIO og LYDPRODUKSJON frå 1MK og 2MK vere med på framsyninga ”Songen frå Rambuku” med skodespelar Ragnhild Vannebo og musikarane John Paul Inderberg og Erling Aksdal.

Teksten er skriven av Jon Fosse, men bearbeidd av Ragnhild Vannebo.

I tillegg til sjølve framsyninga fekk elevane vere med på eit arbeidsseminar der ein skulle ta utgangspunkt i romanen ”Andvake” av Jon Fosse. Elevane skulle her bruke ulike uttrykk for å dramatisere bitar frå denne romanen. Elevane arbeidde i 2 timar med utrykka og til slutt fekk vi ein presentasjon frå ulike grupper.

To grupper valde å dramatisere tekstbitane gjennom korte høyrespel. 2 andre grupper brukte musikk for å uttrykke kjensler, medan ei siste gruppe framførde ei scenisk dramatisering.

Under eit bilete frå framsyninga i festsalen.
Foto: JanTerje Eidset

Til slutt ein presentasjon med store bilete frå framsyninga.
Foto: Jan Terje Eidset

Rambuku

Rambuku.pdf 3,66 MB

  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.