Publisert 05. mai 2011 09:44:59 av Inge Kvamme
I år feirar Den Norske Dokumentarfilmfestivalen 15 år, og satsar dermed på litt ekstra åtgaum og stas.
Dokfilmfestivalen, eller Den Norske Dokumentarfilmfestivalen, som den eigentleg heiter, vert arrangert for 15. gongen på Volda Samfunnshus 4.-8. mai.
Første arrangementet under årets festival var kortfilmkonkurransen "KortSagt". Sigeren her gjekk til filmen "Ung mor", laga av Pia Øye Bjørneset, Hanna Ingebrigtsen og Sunniva Aasen frå 2MK på Volda vidaregåande skule. Vi gratulerer dei unge filmskaparane!
Under tek fagkoordinator Ståle Hansen imot æra på vegner av elevane.
Klikk her for å sjå filmen.
Det var mange gode filmar på programmet i år. Klikk på logoen under for å lese meir og sjå kva filmar som vann.