Publisert 01. april 2011 12:23:31 av Inge Kvamme
Det var ein gong tre graner som stod så fint i lag nær flaggstonga ved Volda vidaregåande skule, mellom øvre bygget og Voldahallen.
Dei kosa seg saman, sjølv i dårleg vêr og støyande byggesjau.
Men eit stormkast i mars 2011 gjorde grantrioen til eit granpar.
Til slutt gjorde grandødar Egil Åslid kort prosess med dei to siste, og flaggstonga står einsam att.
SNIPP, SNAPP, SNUTE...