Publisert 21. januar 2011 12:56:57 av Inge Kvamme
Måndag 28. februar til onsdag 2. mars arrangerer 3. klasse medium og kommunikasjon ved Volda Vidaregåande datalan på Ørsta Kulturhus. -Men dette er ikkje eit heilt vanleg datatreff, fortel Andreas Remøyholm.
I vinterferien samlast ungdommar frå Ørsta og Volda med interesse for data, spel, foto og liknande på kulturhuset i Ørsta. -I storsalen vert det spelehall, der dei som kjøper tredagarspasset får eigen bordplass. I tillegg vert det kino, spel på kinolerret og mindre skjermar (Playstation og Xbox), kafe med sal av diverse og kurs i fotografering og Linux. Vi har altså noko for alle, fortel Remøyholm.
På datalanet vert det arrangert fleire konkurransar i alle sjangrar, -nokre har vi allereie bestemt og lagt ut informasjon om på nettsida vår, men vi står også open for forslag under sjølve treffet, for vi har mange premiar på lager, fortel han.
Tredjeklassingane ved Volda Vidaregåande sørger for at det alltid er nok vakter på lanet, -vi er alle over 18 år og har stor fokus på brannsikkerheit. For eksempel kjem vi til å ha lister, slik at vi til ei kvar tid er klar over kor mange, og kven, som er i bygget. Alle som melder seg på, må skrive under på ordensreglane vi har, oppfører ein seg dårleg, kan ein bli kasta ut. Vi kjem også til å ha ein telefon der det er mogleg å få tak i oss arrangørane 24 timar i døgnet, fortel Remøyholm.
Det er nulltoleranse for rusmiddel.
Under eit bilete av Andreas Remøyholm med plakaten for arrangementet.
Eit bilete av "gjengen". Foto: 3MK
Her kan du lese meir om saka på heimesidene til avisa "Møre".
Klikk her for å gå inn på heimesida til vinterlanet.