Bok til 100-årsjubileet

"Volda vidaregåande skule 1910-2010" er tittelen på boka som er skriven i samband med 100-årsjubileet. Namnet i 1910 var Volda Private Millomskule og Gymnasium, seinare Volda offentlege Landsgymnas, Volda Gymnas og Volda vidaregåande skule AF. Den sistnemnde gav i 1985 ut ei bok til 75-årsjubileet.

I 1994 vart Volda vgs. skulen slegen saman med Volda vgs. HK. Denne var "etterkomar" til Volda Handelsskule, skipa i 1933. Volda vgs. HK gav ut ei bok til 50-årsjubileet i 1983.

Desse har vore med i skriftsstyret: Marit Brekke, Eilert Bø, Eivind Hasle, Inge Kvamme, Arne Nydal, Tjalve Sørheim og Olbjørn Øyehaug. Layout/sideombrekking: Håvard Krøvel-Velle.

Boka er på 210 sider og har med både historiske attersyn og stoff frå åra som er gått sidan dei nemnde jubileumsbøkene:

  • Historisk oversikt: Frå opplæring for nokre få til vidaregåande skule for alle.
  • Portrett av rektor Olav Riste
  • Utdanning i handel og økonomi, med portrett av rektorane Lars Løvoll og Åsmund Indresøvde
  • Utvalde prologar av Olbjørn Øyehaug
  • Skulen i 2. verdskrigen
  • 6 elevminne
  • 6 minne frå tidlegare tilsette
  • Om elevrådet
  • Elevspor, med m.a. to premierte eksamensstilar
  • Reformer, samanslåing og nye studieretningar
  • Internasjonalisering
  • Arbeidet med ny visjon for skulen
  • Liste over tilsette
  • Fotokollasj
  • Vedlagt CD med lydstoff, bilete, videoar og nokre tekstar. Alle bileta i sjølve boka er i svart/kvitt, men på CD-en er mange fargebilete.

Boka vert å få kjøpt i resepsjonen på skulen, Notabene Volda, Kontorpluss Bok og Miljø Ørsta, Ørsta Libris og Ivar Aasen-tunet. Kan fåast innpakka som julegåve på alle salsstadane. Pris: kr. 200,-
Boka kan også tingast per telefon, epost eller brev. Då sender vi den til oppgitt adresse, og så vil det i etterkant bli utsendt faktura påført pris og tillegg for frakt og emballasje, til saman kr. 280,-.


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.