Publisert 13. mai 2011 13:49:59 av Inge Kvamme
Fredag 13.(!) mai fekk klasse 1ST1, 1ST3, 1ST4 og faggruppa i biologi 1 besøk av regionsekretær Runa Falck Langås frå Natur og Ungdom.
Tema for føredraget hennar var klimaendringar og kva ungdom kan gjere for å bidra til å løyse problema. Sjølvsagt kan alle gi sine bidrag i kvardagen, men dei store avgjerdene blir tekne av politikarane. Derfor er det viktig at mange engasjerer seg i Natur og Ungdom eller andre miljøorganisasjonar.
Om nokon vil starte lokallag av Natur og Ungdom i Volda/Ørsta, er det berre å ta kontakt med Runa på runafl@nu.no.
Her kan du laste ned ein presentasjon frå besøket i 1ST3.
Foto: Inge Kvamme
Klikk her for å lese meir om saka i nettavisa "Skulenytt".