Publisert 09. mars 2009 09:20:07 av Inge Kvamme
Tysdag 10., onsdag 11., torsdag 12. og fredag 13. mars kjem til saman rundt 200 9.-klassingar frå alle ungdomsskulane i Volda og Ørsta til Volda vgs., voldingar tysdag/onsdag og ørstingar torsdag/fredag.
På open dag 5. februar var alle 9.-klassingane i regionen her for å få eit oversyn over alle utdanningsprogramma våre, og denne veka kjem nokre av dei att for å vere med på undervisninga i eitt/to av utdanningsprogramma.
Dei har eit første val og eit andre val, og på første valet skal dei vere på skulen ein heil dag, medan dei er hos oss 1.-4. t. på andrevalet. Resten av den halve dagen får dei høve til å vere på høgskulen. Dei besøkjande elevane skal i hovudsak vere med på undervisning på Vg1 og Vg2. På ST er det inga endring i timeplanen, bortsett frå at midttimen torsdag vert flytta til 8. timen og resten av timane etter lunsj flytta opp. På MD, MK og SA er det større endringar i timeplanen.
Opplegget er ein del av det nye faget "Utdanningsval" i grunnskulen, der elevar på ungdomssteget skal få eit betre innblikk i moglegheitene vidare m.o.t. utdanning og yrke. Klikk her for å lese læreplanen i faget .
Vi ønskjer 9.-klassingane og medfølgjande lærarar velkomne til oss og oppmodar alle elevar og tilsette å ta vel imot dei!