10.-klassingar prøver ut utdanningsprogram

Måndag 7., tysdag 8. og onsdag 9. november kjem over 300 10.-klassingar frå ungdomsskulane på Søre Sunnmøre til Volda vidaregåande skule.

Kvar elev skal prøve ut to utdanningsprogram i to heile dagar. Dei besøkjande elevane skal i hovudsak vere med på undervisning på Vg1 og Vg2. På ST er det inga endring i timeplanen, medan 2MU, 2MK og heile SA køyrer berre programfag (eit lite unntak i to timar for SA) dei dagane dei har 10.-klassingar på besøk.

Opplegget er ein del av faget "Utdanningsval" i grunnskulen, der elevar på ungdomssteget skal få eit betre innblikk i moglegheitene vidare m.o.t. utdanning og yrke. Klikk her for å lese læreplanen i faget.

Vi ønskjer 10.-klassingane og medfølgjande lærarar velkomne til oss og oppmodar alle elevar og tilsette om å ta vel imot dei!


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.