Publisert 12. november 2010 23:18:17 av Inge Kvamme
Måndag 15., tysdag 16., onsdag 17. og torsdag 18. november kjem til saman 300 10.-klassingar frå ungdomsskulane på Søre Sunnmøre til Volda vidaregåande skule.
Kvar elev skal prøve ut to utdanningsprogram i to heile dagar. Dei besøkjande elevane skal i hovudsak vere med på undervisning på Vg1 og Vg2. På ST er det inga endring i timeplanen, medan 2MU, 2MK og heile SA køyrer berre programfag dei dagane dei har 10.-klassingar på besøk.
Opplegget er ein del av faget "Utdanningsval" i grunnskulen, der elevar på ungdomssteget skal få eit betre innblikk i moglegheitene vidare m.o.t. utdanning og yrke. Klikk her for å lese læreplanen i faget .
Vi ønskjer 10.-klassingane og medfølgjande lærarar velkomne til oss og oppmodar alle elevar og tilsette om å ta vel imot dei!