Velkomen til Volda vidaregåande skule

Skulen har desse utdanningsprogramma:

  1.  Studiespesialisering
     
    •  Programområde for realfag
    •  Programområde for språk, samfunnsfag og økonomi
  2.  Medium og kommunikasjon
  3.  Musikk, dans og drama
  4.  Service og samferdsel
  5.  Påbygging til generell studiekompetanse
  6.  Tilrettelagt klasse

Volda vgs. har ca. 520 elevar, 75 pedagogisk tilsette og eit driftspersonale på 20.

HISTORIKK

Volda private millomskule og gymnasium, seinare Volda offentlege landsgymnas, Volda Gymnas og Volda vidaregåande skule AF, vart skipa i 1910 og var det første gymnaset på landsbygda i Noreg. Skulen vart dermed 100 år i 2010, og det markerte vi i november 2010 med jubileumsbok, open skule og jubileumsfest. Ein særleg grunn til å ha open skule var at hovudbygget (øvre bygget) då var ferdig oppussa og kunne visast fram i ny prakt.

I venstremargen på heimesida finn du eit eige menyval for 100-årsjubileet.

Volda Handelsskule, seinare Volda vidaregåande skule HK, vart skipa i 1933, også den som den første av sitt slag i Noreg utanom byane.

Frå og med skuleåret 1994/95 vart dei to skulane slått saman til ein skule under namnet Volda vidaregåande skule.

Med innføringa av "Reform 94" (1994) gjekk den vidaregåande skulen gjennom store endringar. Studieretningane for allmenne fag og handels- og kontorfag vart slått saman til ei studieretning: Studieretning for allmenne og økonomisk/administrative fag. Med den nye reforma "Kunnskapsløftet" frå hausten 2006 heiter dette studietilbodet utdanningsprogram for studiespesialisering (ST).

Frå skuleåret 1995/96 har skulen også hatt utdanningsprogram for musikk, dans og drama, og frå 2000/2001 medium og kommunikasjon. Hausten 2002 starta vi opp med utdanningsprogram for sal og service, som frå hausten 2006 heiter service og samferdsel.


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.