Skuleleiinga

Trond Hjelseth
 Rektor

Rektor er overordna alle aktivitetar ved skulen. Først og fremst skal rektor vere pedagogisk leiar og pådrivar for endringar i pedagogiske metodar og pedagogisk nytenking, og sjå til at skulen blir driven i samsvar med opplæringslova og andre aktuelle lover og forskrifter. Elles er økonomisk styring rektor sitt ansvar.

Skulen har ein avdelingsstruktur, og ved sida av andre oppgåver er også personalansvar delegert til assisterande rektor og tre avdelingsleiarar. Desse er saman med rektor skulen sitt leiarteam.

I tillegg til personalansvar for leiarteamet har rektor personalansvar for rådgjevarane og IKT-ansvarleg.

Ingeborg Øye Dahl
 Assisterande rektor

Ingeborg Øye Dahl er assisterande rektor og leiar for driftspersonalet. Ho har medansvar for tilsettingar og fagfordeling. I tillegg har ho ansvar for inntak, organisering av foreldremøta, timeplanlegging og eksamensavvikling.

Ho er også OT-rettleiar (rettleiar for oppfølgingstenesta i Volda).

Jørund Fet
 Avdelingsleiar

Jørund Fet er avdelingsleiar for lærarane som underviser i norsk, framandspråk, samfunnsfag-/økonomifag og kroppsøving. Han har - saman med rektor og dei andre avdelingsleiarane - ansvar for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved skulen. Han har også ansvaret for vaksenopplæringstilbodet ved Volda vgs.

Jørund Fet er den i leiinga som har ansvar for kontakt med elevrådet, russen, OD-komitéen og dei andre elevlaga.

Inge Kvamme
 Avdelingsleiar

Han er avdelingsleiar for lærarane i medium og kommunikasjon og musikk, dans og drama, og har - saman med rektor og dei andre avdelingsleiarane - ansvar for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved skulen. Han har hovudansvaret for internasjonalisering ved skulen og skulen si heimeside. I tillegg er han PPU-koordinator, d.v.s. at han er bindeledd mellom avd. for lærarutdanning ved Høgskulen i Volda og dei lærarane ved Volda vgs. som er PPU-rettleiarar for lærarstudentar frå høgskulen.

Lisbet Ose
 Avdelingsleiar

Ho er avdelingsleiar for lærarane i SA og realfag og tilsette innan spesialpedagogikk. Ho har, saman med rektor og dei andre seksjonsleiarane, ansvar for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved skulen.

Ho er leiar for ressursteamet og hovudansvarleg for inntaket, fagvalet og fagtilbodet ved skulen.

Her kan du sjå organisasjonskartet vårt som PDF-fil.


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.