ØVRE BYGGET
Skulen sitt hovudbygg er frå 1963 og heitte tidlegare Volda vgs. AF (allmennfag, også kalla gymnaset). Her finn vi undervisningsavdelinga til venstre og kontor-/læraravdelinga til høgre. Dette bygget inneheld 16 klasserom, diverse grupperom, 3 naturfagrom, språklaboratorium, rådgjevarkontor, bibliotek, kantine, festsal, personalrom, arbeidsrom og datarom for lærarar, administrasjonen og vaktmeisterkontor/verkstad. Øvre bygget er for tida under oppussing; sjå "Byggesaka" i venstremargen.
NEDRE BYGGET
Dette bygget vart bygt for Volda vgs, handel og kontor i 1986. Her skjer i hovudsak all undervisninga i musikkfag, mediefag og service og samferdsel.
VAKTMEISTERBUSTADEN
Den tidlegare vaktmeisterbustaden er i dag i bruk til musikkundervisning og TK-klasse.
Her finn vi m.a. eit digitalt lydstudio.
VOLDAHALLEN OG SYMJEHALLEN
Volda kommune er eigar av denne idrettshallen. Her har skulen vår all undervisning i kroppsøving, utanom symjing i høgskulen sin symjehall (t.h.).