Velkomen til rektors side!

Rektors formelle oppgåver kjem klart fram på annan stad på skulens nettsider, og det vert mellom anna synt til at ” rektor er overordna alle aktivitetar ved skulen. Først og fremst skal rektor vere pedagogisk leiar og pådrivar for endringar i pedagogiske metodar og pedagogisk nytenking, og sjå til at skulen blir driven i samsvar med opplæringslova og andre aktuelle lover og forskrifter. Elles er økonomisk styring rektor sitt ansvar”. Rektor har også eit hovudansvar for å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø ved skulen og å utvikle skulen som ein aktiv deltakar i lokalt samfunns- og næringsliv.

God måloppnåing vil rektor berre kunne få til gjennom utstrakt og godt samarbeid med deg som elev og dine føresette, og ikkje minst dei tilsette ved skulen!

Å gjennomføre vidaregåande skule er hardt arbeid, og det krev stor innsats. Den innsatsen er det berre du som elev som kan yte. Å oppnå læring krev både innsats og fokus. Mitt beste tips er at du syter for å vere ”på rett nett” når du er på skulen, slik at forstyrrande element ikkje uroar læringa. Dess meir du lærer på skulen, dess meir kan du nyte fritid og feriar til andre og viktige fritidsaktivitetar!

Dei tilsette ved skulen, inkludert rektor, er å sjå på som daglege støttespelarar i læringa di. Vi arbeider hardt for å gjere kvardagen på skulen så motiverande som råd. Vi kan alltid gjere ting smartare, og tek gjerne imot tips om ytterlegare tiltak for å gjere jobben vår som støttespelarar endå betre.

Alle ved skulen, både elevar og tilsette, har eit felles ansvar for å bidra til godt lærings- og arbeidsmiljø. I eit godt miljø vert krefter frigjort, slik at du lettare når måla dine, eller faktisk kan setje deg endå høgare mål.

Det er med andre ord OSS det står og fell på, for vi sit i den same båten og med heilt samanfallande interesser!

Eg ser fram til tida vi skal ha i lag, og voner du gjer det same.

Gjer ditt beste for å vere ein tydeleg og god medspelar, anten du er elev eller tilsett. Eg lovar å gjere mitt beste!

Med vennleg helsing

Trond


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.