Velkomen til Volda vidaregåande skule

Skulen har desse utdanningsprogramma:

  1. Studiespesialisering
    • Programområde for realfag
    • Programområde for språk, samfunnsfag og økonomi
  2. Medium og kommunikasjon
  3. Musikk, dans og drama
  4. Service og samferdsel
  5. Påbygging til generell studiekompetanse
  6. Tilrettelagt klasse

Volda vgs. har ca. 500 elevar, 70 pedagogisk tilsette og eit driftspersonale på 15.

HISTORIKK

Volda private millomskule og gymnasium, seinare Volda offentlege landsgymnas, Volda Gymnas og Volda vidaregåande skule AF, vart skipa i 1910 og var det første gymnaset på landsbygda i Noreg. Skulen blir dermed 100 år i 2010, og det skal markerast i november 2010 med jubileumsbok, open skule og jubileumsfest. Ein særleg grunn til å ha open skule er at hovudbygget (øvre bygget) då vil vere ferdig oppussa og kan visast fram i ny prakt.

Volda Handelsskule, seinare Volda vidaregåande skule HK, vart skipa i 1933, også den som den første av sitt slag i Noreg utanom byane.

Frå og med skuleåret 1994/95 vart dei to skulane slått saman til ein skule under namnet Volda vidaregåande skule.

Med innføringa av "Reform 94" (1994) gjekk den vidaregåande skulen gjennom store endringar. Studieretningane for allmenne fag og handels- og kontorfag vart slått saman til ei studieretning: Studieretning for allmenne og økonomisk/administrative fag. Med den nye reforma "Kunnskapsløftet" frå hausten 2006 heiter dette studietilbodet utdanningsprogram for studiespesialisering.

Frå skuleåret 1995/96 har skulen også hatt studieretning for musikk, dans og drama, og frå 2000/2001 medium og kommunikasjon. Hausten 2002 starta vi opp med studieretning for sal og service, som frå hausten 2006 heiter service og samferdsel.

Skulebygg
Visjon
Rektor si side
Skulerute
Skulebrosjyre
Skulereglement
Mål- og tiltaksplan
Skuleleiinga
Skulekontoret
Rådgjevarane
Tilsette
Skuleutvalet
Aktuell informasjon
Boklister

  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
juli 2010
man tir ons tor fre lør søn
      1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30 31


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.