Yrkesmesse

Den årlege yrkesmessa vart arrangert onsdag 24. januar, denne gongen i Ørsta kulturhus.

Fleire hundre ungdommar brukte denne onsdagen på å orientere seg om vidare utdanning og yrke.

Volda vidaregåande skule var representert på fleire måtar:

Først skulen sin "offisielle" stand, bemanna av rådgjevar Frøydis Løset. Her hjelper ho og kollega Ingrid Salt ein ungdom, medan rektor Margaret Alme følgjer interessert med.

Volda vgs. delte standen med "konkurrenten" Ørsta vgs., men Frøydis Løset, Jon Langlo og Roe Yksnøy verkar vel forlikte.

Elevar frå 2SA (2. klasse sal og service) viste fram ungdomsbedrifta si. Frå venstre: Lars Nikolay Urke, Stine Jensen Håvik, Aril Dyb Lied, Helene Hovden Eikrem, Liz-Marri Tranvåg Aasen og Odd Bjarne Eikrem.

Klasse 2MK2 (2. klasse på medielinja) hadde laga yrkesmesseavisa saman med "Møre-Nytt", og dei hadde felles stand på messa. Frå venstre: Stine Larsen Drabløs, Kathrine Eliassen, Thomas Sætre og Trine Rekkedal.
Du finn ein eigen artikkel om yrkesmesseavisa i nyheitsarkivet. Der kan du også laste ned avisa. Meir informasjon om yrkesmessa på websida: www.yrkesmessa.info


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
september 2010
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30    


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.