Volda vgs. vann igjen!

Onsdag 22. april var det duka for elevfilm på årets dokumentarfilmfestival, før den offisielle opninga. Der fekk unge, lovande filmskaparar frå vidaregåande skular og folkehøgskular i fylket sjansen til å vise filmane sine.

Elevar frå Møre Folkehøgskule, Ålesund vidaregåande skule, Volda vidaregåande skule og Akademiet vidaregåande skule var med.

Innan dokumentar vart det heimesiger til Volda vgs. Filmen, eit nært portrett av ein gravid 17-åring, heiter ”Ventetid” og er laga av Karoline Brekke Fagervoll, Silje Bueide Gulla og Elisabeth Hjelle Halkjelsvik i 2MK hausten 2008.

Vi gratulerer!

Karoline Brekke Fagervoll og Silje Bueide Gulla tok imot prisen. Foto: Maria Dyrhol Sandvik

Klikk her for å sjå filmen.

Nærsynet har innslag om dette torsdag 23. april.

Meir om dokumentarfilmfestivalen:

På MK si heimeside kan de sjå fleire filmar. Klikk her!


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.