Vardefesten 2008

Vardefesten 2008 gjekk av stabelen tysdag 16.12. Skulen har i mange år brukt Voldahallen, men i år heldt vi den tradisjonsrike julegallaen på studenthuset Rokken.

Vi var spente på om det ville bli trongt om plassen og kanskje ein del knuffing, men Rokken viste seg å vere ein fin stad å arrangere festen. I tillegg til hovudsalen er det eit stort galleri, og vi disponerte også kafeen. Sjølv om mange måtte stå, var det totalt sett nok sitjeplassar til at ein kunne ta ein pust i bakken av og til, og til at matøkta med pizzabaguettar kunne avviklast utan særlege problem.

Det var også roleg i salen under framføringa av programmet, og med proff lydstyring kunne publikum få med seg alt som vart sagt og sunge.

I tillegg til sjølve programmet var det mat, utdeling av prisar, kåring av russepresidentar og sjølvsagt dans. Vi nemner særleg at kreftramma Karina Dale fekk prisen som årets fighter og at Thomas Hjelseth og Henning Holsvik vart valde til russepresidentar.

Konklusjon: Ein vellukka fest!

Under nokre bilete frå festen og til slutt ein presentasjon med store bilete.
Foto: Lars Ørstavik

Kristian og Stine var konferansierar.

Eit jentekor imponerte med vakker song.

Ein syltøff julerap av elevar frå 2MU.

Flott framføring av "It's hard to be a nissemann".

Rektor og Kai Are i årets dans.

Til slutt altså ein presentasjon med store bilete. Klikk på peikar.
Foto: Lars Ørstavik

Vardefesten 2008


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
september 2010
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30    


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.