Publisert 06. januar 2008 16:35:59 av Inge Kvamme
Tysdag 18. desember var datoen for Vardefesten 2007. Som i fjor vart festen strengt handheva som eit alkoholfritt arrangement, og alt gjekk pynteleg for seg. Det var t.d. stilt og roleg under programmet, slik at ein kunne få med seg det som vart sagt og sunge.
Programmet vart godt, men mange meinte at det kunne ha vore noko lenger. Den årlege prisutdelinga var ekstra koseleg, med mange gode og populære prisar. Pizzaen med brus til gjekk ned på høgkant, med lærarane som servitørar. Til slutt var det diskotekdans, der det som vanleg var russeknute for å danse med ein lærar.
Under nokre små bilete frå festen. Til slutt eit pdf-dokument med fleire og større bilete.
Fotografar:
Marius Beck Dahle... Foto: Lars Ørstavik
...og Lars Ørstavik. Foto: Marius Beck Dahle
Kjetil Kriken var ein av programleiarane. Her med Atle Andreas Remmereit Vasbotn som "assistent". Foto: Marius Beck Dahle
Det var mange gode programinnslag. (Foto bilete over: Marius, foto bilete under: Lars)
Årets par, Mailis og Pål Andreas. Foto: Lars Ørstavik
Årets gentleman, Alexander Tjugen. Foto: Marius Beck Dahle
Årets kjepp i hjulet, rektor Margaret Alme. Foto: Lars Ørstavik
Til slutt altså eit pdf-dokument med fleire og større bilete.
Fotografar: Marius Beck Dahle og Lars Ørstavik
Klikk på peikaren under