Publisert 11. mars 2009 22:17:19 av Inge Kvamme
Tysdag 10. og onsdag 11. mars hadde vi besøk av 9.-klassingar frå ungdomsskulane i Volda: Austefjord skule, Dalsfjord skule, Folkestad skule og Volda ungdomsskule. Sidan musikklinja hadde framføring av musikal på Sjøborg i Ulsteinvik tysdag, hadde dei besøk berre onsdag.
Totalt var 60 elevar frå Volda hos oss ein heil dag og 37 halv dag.
Utprøvinga starta begge dagane med ei kort orientering i festsalen, før 9.-klassingane vart følgde til dei ulike utdanningsprogramma (linjene).
Som fortalt under nyheita "9.-klassingar prøver ut..." lenger nede på nyheitssida, har kvar elev eit første val og eit andre val. Tysdag hadde alle elevane Volda vgs. som 1. val og var her heile dagen. Onsdag hadde ein god del elevar oss som andre val, og avslutta utprøvinga kl. 11:10. Deretter var dei resten av dagen på høgskulen.
Etter 3 timar med ulike aktivitetar vart det servert lunsj i festsalen (tysdag) og i vrimlearealet ved naturfagavdelinga (onsdag). Elevar som var hos oss ein heil dag, heldt deretter fram med aktivitetar/undervisning fram til kl. 13:30/13:45.
Vi fekk mange gode tilbakemeldingar, frå både elevar og lærarar.
Klikk på biletet under for å opne/laste ned ein presentasjon med store bilete frå utprøvinga. Foto: Inge Kvamme