Publisert 11. august 2009 13:29:47 av Inge Kvamme
Som ein kan lese lenger nede på nyheitssida under Skulestart, låner skulen ut lærebøker til alle elevar skuleåret 2009-2010.
Under finn du ei kort orientering om korleis utlånet skal gå føre seg og ei påminning om at alle Vg2 -og Vg3-elevar må hugse å ta med seg lånekorta sine.
Vg1-elevar og andre nye elevar ved skulen:
Elevar som har felles (nasjonalt) lånekort, treng ikkje nytt kort, men dei må få det registrert på biblioteket. Andre elevar vil få lånekort av skulen.
Utdeling av nye lånekort og registrering av felleskort vil vi satse på å avvikle onsdag 19. august, på omvisingsrunden som kontaktlærarane har med Vg1-klassene.
Utlån av lærebøker vert deretter gjort klassevis med kontaktlærar på personalrommet, etter eigen plan.
Vg2 -og Vg3-elevar
Her tek vi til med utlån alt onsdag 19. august, klassevis etter eigen plan.
Alle må hugse å ta med lånekortet sitt!