Publisert 28. juli 2008 13:30:01 av Inge Kvamme
Vi mottok med sorg den triste meldinga at David Mork Folkestad, elev i 1MU (1. klasse på musikklinja) 2007-2008, var omkomen i ei trafikkulykke natt til søndag 27. juli.
Vår djupaste medkjensle og kondolanse går til dei næraste og familien elles.
Skulen sende bårebukett og var representert i gravferda frå Ørsta kyrkje torsdag 31. juli kl. 12. Svært mange elevar frå musikklinja var i kyrkja for å ta farvel med David, m.a. med musikkframføring og raude blomar på kista.
Ved skulestart vil vi ha ei markering for alle elevane og i tillegg ei eiga minnestund for David i 2MU, klassa han skulle ha vore elev i det komande skuleåret.
Under eit bilete av ein blid og kjekk elev som vil bli sårt sakna.