Publisert 02. februar 2010 12:58:53 av Inge Kvamme
Alle som skal søkje skuleplass i vidaregåande opplæring må gjere dette på nettstaden vigo.no.
Nytt i 2010 er at du må bruke MinID for å logge deg inn på vigo.
Din personlege identitet
MinID er ei felles innlogging for offentlege tenester på nett, og du skal altså no logge deg inn med MinID når du skal søkje om skule- eller lærlingplass på vigo.no. Du får PIN-kodar til MinID i eit brev i god tid før søknadsfristen til adressa som er registrert i Folkeregisteret. Det er svært viktig at du tek godt vare på arket med PIN-kodane! Har du brukt MinID før, treng du ikkje nye kodar.
Rådgjevarar og skular får ikkje tilgjenge til søkjarane sine kodar. Det betyr at vi ikkje lenger kan hjelpe deg dersom du misser PIN-kodane.
Når du søkjer er det viktig å hugse å be om kvittering av søknaden, anten per e-post eller ved utskrift av skjermbildet.
Søknadsfristar på vigo.no (hugs MinID)
Ordinært inntak: 1. mars
Særskilt inntak: 1. februar (i dei fleste fylke)
Svarfristar på vigo.no (hugs MinID)
Du må svare på tilbod om plass seinast ei veke etter at du fekk tilbodet!
Du kan registrere førehandssvar frå 2. mars til 1. juli (i dei fleste fylke).
VIGO og MinID også på Lånekassa
Så snart du har takka ja til ein skuleplass kan du søkje stipend og lån i Lånekassa. Slik søkjer du:
via vigo.no (hugs MinID)
på lanekassen.no (hugs MinID)