Publisert 26. januar 2008 20:44:52 av Inge Kvamme
Musikklinja sin årlege musikal er inspirert av filmen "The Wiz", som igjen byggjer på den amerikanske klassikaren frå 1939, "The Wizard of Oz"/"Trollmannen frå Oz".
I denne artikkelen vil du finne omtale av musikalen og peikar til ei eiga musikalheimeside.
Originalhistoria er slik: Ein tornado fører vesle Dorothy til eventyrlandet Oz, eit land der Trollmannen frå Oz herskar over hekser og monster. Dorothy møter mange rare skapningar på sin veg: eit fugleskremsel utan hjerne, ein blekkboksmann utan hjarte og ei løve utan mot. Dei vert forfølgde av ei slem heks, og den einaste som kan hjelpe dei er den store Trollmannen.
I Volda vgs. sin versjon er historia skriven om, og det er Jan Terje Eidset og Bente Elin Johnsen som har stått for manuset. Musikalen er lagt til vår tid, og reflekterer rundt kva makt datamaskina har over kvardagen vår.
Dorothy, som er hovudpersonen, er ei forsiktig, usikker og naiv tenåringsjente. Ho skal finne det vonde og vinne over det, men sidan ho er så usikker, treng ho hjelp frå tre skapningar som representerer hjerne, hjarte og mot.
Som vanleg er medielinja med på opplegget med eiga heimeside, artiklar, bilete, video og logo/plakatar, og service og samferdsel har musikalkafé. Musikalheimesida finn du her.
I tillegg har musikklinja i år fått hjelp av ei design- og handverksklasse på Ørsta Vidaregåande skule som spesialiserer seg på kostyme og scenografi. Saman med ansvarleg lærar Bodil Hovden har dei laga mange av kostymane til framsyninga.
Musikalen vart ein stor suksess, og synte eit kreativt og nyskapande show, med mange flotte effektar og prestasjonar på høgt nivå. Alle tre kveldsframsyningane var godt besøkte, og fredag 8. februar var det så fullt at mange ikkje kom inn. Denne framsyninga var vel også ekstra vellukka, og stemninga stod bokstavleg tala i taket. "Møre" og "Møre-Nytt" hadde svært rosande omtale av musikalen laurdag 9. februar.
Geir Høydalsvik tok mange flotte bilete på framsyninga torsdag 7. februar. Klikk her!
Under nokre små bilete frå premieren onsdag 6. februar. Foto: Inge Kvamme
Tinman Runar og tinwoman Oda
Elise med imponerande solo, med Hallgrim, Oda, Ingrid og løva Simen på sidelinja.
Over/under: Dansarar i flott avslutningspositur.
Elevar frå 1SA stod for "Kafé Emerald". Renate og Mari Ann smiler til fotografen.
Ingrid Henriksen, Simen, solist Fredric, Ingrid Thorseth og Hallgrim i avslutningsnummeret.
Elevar og lærarar tek imot "folkets hyllest".
Under nokre bilete frå førebuingane til musikalen.
Generalprøva:
Foto: Inge Kvamme
Eirik, Hildur, Siv og Yngvil ventar på generalprøva.
Opningsnummeret, med Tor Hallgeir som Rage, trollmannen.
Ingrid og Heidi, med dansarar og kor.
Musikalen går føre seg som eit dataspel, med ymse val undervegs.
Scarecrow Hallgrim og Ingrid. Tinwoman Oda ventar på å kome inn.
Tinwoman Oda, orkester, kor, scarecrow Hallgrim Og Ingrid (Dorothy).
Torstein og Elise i fin duett.
Løva Simen har entra scena.
Førebuing Ørsta kulturhus:
Foto: Inge kvamme
Oversiktsbilete frå første dag på kulturhuset.
Hallgrim og Ingrid i aksjon.
Tinwoman Oda i energisk utfalding.
Frå førebuingane på skulen:
Dei fire hovudrollene på eitt brett: Hallgrim (Scarecrow), Ingrid (Dorothy), Simen (Lion) og Oda (Tinwoman).
Foto: John Arne Velsvik Vartdal
Løva (Simen) ligg i fanget til Dorothy (Ingrid). Foto: Sunniva Årseth
Runar (Tinman) og Oda (Tinwoman) på kveldsøving. Foto: Marie Sørheim Egge
Vegvisar Heidi syng "He's the Wiz". Ingrid til høgre. Foto: Stine Marita Dahl