The Little Boy of Hiroshima

Onsdag 10. september hadde skulen besøk av folk frå Hiroshima, m.a. Miyoko Mutsibara som er ei av få attlevande frå den første bombinga med atomvåpen i verda 6. august 1945. Då var ho 12 år.

Miyoko Mutsibara fortalde om opplevingane sine denne dagen og åra etterpå med ein intensitet som gjorde eit svært sterkt inntrykk på tilhøyrarane. M.a. fortalde ho at i tillegg til lidingane som atombomba påførte henne, vart ho og dei andre bombeoffera på mange måtar utstøytte av samfunnet, fordi folk trudde dei kunne smitte andre. Ho er den einaste gjenlevande som orkar å snakke offentleg om dei grusomme opplevingane, og har gjennom åra fortalt historia si meir enn 400 gonger.

Framsyninga ved Volda vgs. var eit ledd i eit stort seminar med tittelen "The Little Boy of Hiroshima" ved Høgskulen i Volda. Hovudarrangementet går av stabelen torsdag 11. september, med prominente deltakarar frå både Japan og Noreg.

Miyoko Mutsibara hadde med seg assistenten Mika Fujimoto, og i tillegg var Koichiro Maeda, direktøren for fredsmuseet i Hiroshima, til stades i festsalen.

Etter ei innleiing av Gunnar Strøm frå Høgskulen i Volda vart animasjonsfilmen "Pikadon" (ljosdrønnet) vist.

Deretter fortalde Miyoko Mutsibara historia si, med ein avsluttande appell om aldri å bruke atomvåpen.

Til slutt avrunda Tengyo Kura frå Høgskulen i Volda arrangementet.

Miyoko Mutsibara fortel om dei grusomme opplevingane. Foto: Inge Kvamme

Under ein presentasjon med store bilete frå framsyninga. Foto: Inge Kvamme

Hiroshima 100908

Her finn du meir om saka på HVO sine heimesider.

Les oppslag i Dagbladet , med m.a. ein video der Miyoko Mutsibara fortel om den lagnadstunge dagen 6. august 1945.


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.