Stipendutlysing for minnefond etter Olav Riste

Volda vidaregåande skule er hundre år i 2010, og minnefondet etter rektor Olav Riste lyser derfor ut 2 stipend, kvart på kr 10 000, til prosjektarbeid.

Rektor Olav Riste, grunnleggjar og første rektoren ved Volda Landsgymnas, no Volda vidaregåande skule, stod i den lokale opplysings- og formidlar- tradisjonen frå Hans Strøm og Sivert Aarflot, og det er derfor ønskjeleg at arbeidet har lokal tilknyting.

Det heiter i paragraf 5 i vedtektene: Stipendet er tenkt som støtte til prosjektarbeid, studietur o.l. For å kunne få stipend frå fondet, krevst det allment sett ei godt utarbeidd grunngjeving for søknaden. Når stipendet er brukt, krev styret tilbakemelding om bruken, anten i form av ein skriftleg rapport, eller ei kort forelesing/foredrag for tilsette og elevar.

Tidlegare eller noverande elevar ved Volda vidaregåande skule kan søkje.

Søknadsfrist : 1 august 2010

Søknadsadresse: Minnefondet etter Olav Riste, Volda Vidaregåande skule, Vevendelvegen 35, 6100 Volda.

Du kan lese meir om minnefondet under Elevsider i venstremargen på heimesida.


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.