Språk opnar dører!

Torsdag 17. desember arrangerte Fagerlia og Volda vidaregåande skular ein rekrutteringsdag for språkfag ved Høgskolen i Ålesund. 230 elevar frå Vg1 og Vg2 studiespesialisering (allmennfag) frå dei to skulane deltok, saman med ca. 10 lærarar.

"Språk opnar dører" er eigentleg namnet på ein strategiplan for styrking av framandspråk i grunnopplæringa, og vi meinte det passa bra som slagord for denne språkdagen.

Opphavet til språkdagen var ei utlysing av midlar til aksjonar frå Fremmedspråksenteret (Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa) for å auke rekrutteringa til framandspråk som programfag (linjefag). Det er særleg språk som tysk, fransk og spansk som har problem med dette etter den nye reforma "Kunnskapsløftet", men også engelsk programfag rekrutterer færre elevar enn før. Her er det ikkje minst realistane som sviktar, sjølv om nesten all faglitteraturen for høgare studiar i realfag er på engelsk.

Det er innført ekstra "språkpoeng" for tysk, fransk, spansk og andre framandspråk utanom engelsk, men til no har ikkje det gjort det store utslaget. Ei av årsakene til fråfallet er nok sjølve strukturen i Kunnskapsløftet, som gir færre moglegheiter for val av fag "på kryss og tvers". Men det er nok også slik at stadig fleire elevar trur at dei alt er gode nok i engelsk og at engelsk er nok for å kunne kommunisere godt med kven som helst om kva som helst.

Derfor søkte og fekk Volda vgs. tilskot frå Fremmedspråksenteret til å arrangere ein "språkdag" der representantar frå eksportretta næringsliv og reiselivsbransjen fortel elevane om kva som er dei reelle språkbehova når ein for eksempel skal forhandle med høgt presisjonsnivå om kontraktar.

For å få lettast mogleg tilgjenge til kompetansemiljø både frå næringsliv og reiseliv, valde vi Ålesund som destinasjon for ein "språkdag". Volda vgs. har tidlegare hatt ein del kontakt med Fagerlia vgs. om problemet med manglande språkrekruttering, og fann det derfor naturleg å invitere dei til ein slik dag saman med oss. Responsen frå Fagerlia ved avdelingsleiar Helge Strømsheim med gode hjelparar var svært positiv, og det viste seg snart at også næringslivet og reiselivet syntest dette var ein god idé.

Høgskulen i Ålesund vart så kontakta om lokale og orientering om språktilboda, og også dei var positive og let oss få bruke 3 auditorium gratis. Vi fekk òg ein grei avtale med kantina om servering av ein enkel lunsj til alle deltakarane.

Programmet for dagen var delt i to, før og etter lunsj.

Først var det ei fellesøkt der Jon Ivar Håvold starta med å orientere om språktilboda ved Høgskolen i Ålesund. Så snakka Jan Petter Hagen, CFO Stokke AS, Alexander Langø, Norway Pelagic, Knut Aasebø, STX Europe og Geir Steinar Vik, Destinasjon Ålesund og Sunnmøre om dei konkrete behova sine for språk- og kulturkompetanse i samarbeidet sitt med utanlandske samarbeidspartnarar. Her kom det mange eksempel på korleis nordmenn ofte både dummar seg ut og taper kontraktar pga. manglande kompetanse i språk og kultur.

Hovudbodskapen var at "smalltalk" på flytande "Syden-engelsk" ikkje er godt nok i profesjonell samanheng. Her vart det vist til TOEFL, ein språktest som gir ein god peikepinn på det nivået ein bør strekkje seg etter.

Ein annan viktig bodskap var at internasjonalisering og språkkompetanse vert stadig meir aktuelt i heile næringslivet, og ikkje berre på topp- og mellomleiarnivået, men også på operatør-/funksjonærnivået.

Etter lunsj var det separate økter for tysk, fransk og spansk. Her var desse i elden: Tysk: Grethe Loe, Stordal møbler. Fransk: Gunnar Haagensen, Jangaard Export og Dagrun Jensen/Corinne Larsen, Høgskolen i Ålesund. Spansk: John Halvard Roaldsnes, Marine Invest.

Her var det m.a. laga til konkrete case der elevane vart trekte aktivt med i korleis opplegget burde vere.

Denne spennande og nyskapande dagen gjekk så fint og fekk så god respons frå elevane at vi alt har snakka om å gjenta suksessen med eit par års mellomrom. Samarbeid mellom skule og arbeidsliv bør det bli meir av, og vi trur at denne dagen kan bli startskotet til betre kontakt mellom næringslivet og framandspråkmiljøa i den vidaregåande skulen. Vi ser klart at vi har ei felles interesse og plikt, saman med høgskulane, til å bidra til at dei unge blir best mogleg rusta til å bli funksjonsdyktige deltakarar i arbeidslivet, der kommunikativ kompetanse vert stadig viktigare.

For det er nemleg slik at: Språk opnar dører!

Under finn du ein presentasjon med ein del bilete frå språkdagen. Foto: Inge Kvamme

Språk opnar dører

På Fremmedspråksenteret sine heimesider kan du lese om både denne og andre rekrutteringsaksjonar. Klikk her!

Møre og Romsdal fylke har også lagt ut eit nyhende om rekrutteringsdagen.


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
mars 2010
man tir ons tor fre lør søn
1 2 3 4 5 6 7
8 9 10 11 12 13 14
15 16 17 18 19 20 21
22 23 24 25 26 27 28
29 30 31      


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.