Publisert 06. mai 2010 13:20:04 av Inge Kvamme
Volda private millomskule og gymnasium, seinare Volda offentlege landsgymnas, Volda Gymnas og Volda vidaregåande skule AF, vart skipa i 1910 og var det første gymnaset på landsbygda i Noreg. Volda Handelsskule, seinare Volda vidaregåande skule HK, vart skipa i 1933, også den som den første av sitt slag i Noreg utanom byane.
Frå og med skuleåret 1994/95 vart dei to skulane slått saman til ein skule under namnet Volda vidaregåande skule.
Skulen blir dermed 100 år i 2010, og det skal markerast 8.-12. november med m.a. jubileumsbok, open skule og jubileumsfest.
Ein særleg grunn til å ha open skule er at hovudbygget (øvre bygget) då vil vere ferdig oppussa og kan visast fram i ny prakt.
Sjå eige menyval om 100-årsjubileet i venstremargen på heimesida. Her ligg førebels litt om jubileumsboka, m.a. liste over tilsette 1910-2010 og om jubileumsveka. Det vil kome oppdateringar etter kvart.