Skuleavslutning 2007

Onsdag 20. juni var siste skuledag for elevar og lærarar.

Elevar og lærarar på Vg1 og VKI hadde ei kort avslutning frå 08:30 med m.a. utdeling av karakterutskrifter, og kl. 11 var det tradisjonell avslutningsfest for tilsette og pensjonistar, kreativt leia av Rudina Robertsen. Rektor heldt ein fin "state of the union"-tale, elevar frå musikklinja spelte, vi takka av nokre kollegaer, song allsongar, og åt svært gode smørbrød og kaker frå kantina. Foto: Lars Ørstavik

Rudina Robertsen var festleiar.

Vikarane Mariann Øygard, Merethe Welle, Marte Sinderud og Anna Tømmerbakk fekk avskilsblomar av rektor Margaret Alme.

Howard Medland slutta etter 30 år ved skulen.

Kroppsøvingslærar Trond Klepp i munter passiar med pensjonist Einar Berg.


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.