SkoleArena - nytt program for fråvær og karakterar

Volda vgs. har hausten 2009 gått over frå Classfronter til SkoleArena m.o.t. føring av fråvær og karakterar.

Classfronter skal likevel framleis vere plattformen for informasjon og pedagogisk bruk av IKT (arbeidsplanar, fagstoff, faglenkjer, prøver, innlevering osv.).

Ein kan logge seg på SkoleArena på tre måtar:

  1. Via Classfronter, der ein finn ein eigen knapp øvst til høgre. Ein må då oppgi same brukarnamn/passord som for Classfronter.
  2. Via ungweb.no, der ein trykkjer på eit raudt nøkkelhòl øvst til høgre og bruker brukarnamn/passord som for Classfronter.
  3. Via skolearena.no, der ein kjem inn med Classfronter brukarnamn/passord om ein trykkjer på "Vidaregåande" og "Via Feide"

Vi oppmodar sjølvsagt alle elevane våre om å følgje godt med på både fråvær og karakterar. Ein spesiell detalj er at elevar som veit dei skal vere borte ein dag, kan sjølve på førehand føre inn fråvær den aktuelle dagen.

Elles oppmodar vi foreldra til å ha ein god dialog med eleven og såleis få høve til å følgje med på både SkoleArena og Classfronter.


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
juli 2010
man tir ons tor fre lør søn
      1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30 31


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.