Publisert 06. februar 2009 13:37:23 av Inge Kvamme
Torsdag 5. februar var det open dag for 9.-klassingar ved ungdomsskulane i Volda og Ørsta. Elevane var på besøk hos oss ein halv dag, voldingane før lunsj og ørstingane etter lunsj.
Besøka starta i festsalen med at rektor, andre i leiinga og fagrettleiar Ståle Hansen ønskte velkomen og orienterte om skulen og studietilboda. Så vart elevane delte inn i grupper på ca. 10 og viste rundt i begge skulebygga, med våre eigne elevar som guidar. Etter ein pause med m.a. fruktservering vart så alle elevane samla på nytt i festsalen til orientering om og konsert med musikklinja. Elevar frå 3. klasse musikk både orienterte, annonserte og framførte på ein svært god måte.
Føremåla med den opne dagen er:
- at 9.-klassingane skal få eit oversyn over alle tilboda på skulen.
- at mange skal kome for å prøve ut delar av tilbodet vårt meir grundig i veke 11.
- at dei skal finne ut kva tilbod i vidaregåande skule som passar best for dei.
- at dei skal kome attende som elevar hos oss om 1 1/2 år.
Under nokre bilete frå festsalen. Foto: Inge Kvamme