Odin er død – regjeringen.no leve

Det skal bli betydeleg lettare for deg å finne fram på regjeringa sine internettsider.

Måndag kunne fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys gravleggje den gamle nettportalen Odin og opne

-Dette skal vere ein møteplass for regjeringa, departementa og ei aktiv deltakande og kunnskapssøkjande befolkning, kunne statsråden proklamere.
Ho kunne love ein portal basert på ny teknologi, langt betre tilgjenge og ein struktur som er basert på brukarane sine premissar. Søkjer du etter informasjon skal du ikkje lenger få opp tallause stortingsproposisjonar med uleseleg tekst først i søket, men treff som i ein helt annan grad er baserte på relevans. Førstesidene skal bli meir informative, nyheitsprioriteringa betre og det skal bli lettare å finne fram bakgrunnsstoff til nyhenda.

For første gong skal alle departementa ha førstesider på samisk i tillegg til bokmål, nynorsk og engelsk. All grunnleggjande informasjon skal vere tilgjengeleg på samtlege språk. Det er teke omsyn både til svaksynte og dyslektikarar. Syntetisk tale er tilgjengeleg både på bokmål, nynorsk og engelsk.

-Eg vonar og trur at denne fornyinga vil bidra til å styrke demokratiet ved at alle får lettare tilgjenge til dokument som ligg til grunn for politiske vedtak og den aktuelle, politiske debatten, seier Heidi Grande Røys.


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.