Publisert 24. februar 2010 11:40:46 av Inge Kvamme
Volda vgs. har sidan hausten 2006 gitt elevane på Vg2 og Vg3 tilbod om programfaget breiddeidrett frå utdanningsprogram for idrettsfag. Vi har no gått inn i eit samarbeid med Volda Handball, Volda Fotball og Ørsta IL om å tilby programfaget toppidrett frå hausten 2010.
Samarbeidet er eit prøveprosjekt som omfattar i første omgang elevar på Vg1 ST og Vg2 ST, men vi tek sikte på å utvide til også å gjelde Vg3 ST frå hausten 2011.
Elevane på Vg1 ST vil få dei fem timane i toppidrett i tillegg til dei ordinære 30 timane i veka.
Elevar som ønskjer å ta del i dette opplegget søkjer seg inn til Vg1 ST på ordinær måte, med søknadsfrist 1. mars for ordinært opptak.
Etter at 1. inntaket er klart sommaren 2010, vil elevar som er tatt inn på Vg1 ST få tilsendt eit informasjonsskriv frå skulen, med beskjed om å laste ned eit skjema som skal fyllast ut. Skjemaet, som vil ligge på skulen si heimeside, inneheld bl.a. spørsmål om eleven ønskjer å ta del i prosjektet Studiespesialisering med handball/fotball. Dei som ønskjer det, vil måtte svare på om dei spelar aktiv handball/fotball og kva idrettslag dei er medlem i.
Vi ser på dette prosjektet som eit godt tilbod til ungdom som vil ha eit spesialisert idrettstilbod kombinert med generell/spesiell studiekompetanse. I tillegg vil det bidra til ei styrking av ST (studiespesialisering).
Torsdag 4. mars vedtok utdanningsutvalet i Møre og Romsdal at dette tilbodet skal vidareførast ut over komande skuleår og at kostnadene skal innarbeidast i økonomiplanen.
Under finn du informasjon til elevane om toppidrett i handball og fotball.
informasjon til elevane samarbeid VVGS og VHK
informasjon til elevane samarbeid VVGS - VTI og ØIL
Klikk på bileta under for å gå inn på heimsidene til Volda Handball, Volda Fotball og Ørsta Idrettslag.