Publisert 20. februar 2009 12:58:35 av Inge Kvamme
Onsdag 18. februar hadde vi besøk av Sandra Berge frå flyselskapet Norwegian. Ho kom for å fortelje om lærlingeordninga i flyselskapet til elevar og lærarar på utdanningsprogram for Service og Samferdsel (SA). Ho har sjølv vore lærling i Norwegian.
Norwegian starta i 1993 med 160 tilsette, men er i dag det største lågprisselskapet i Skandinavia, med 1.400 tilsette.
Grunnleggjar og eigar er den ikkje ukjende Bjørn Kjos, sjå bilete over.
Sandra viste ein presentasjon der Norwegian sitt lærlingeprogram naturleg nok var det viktigaste. Programmet starta i 2006, og 25 har til no fullført og fått fagbrev. 50 lærlingar er for tida under opplæring.
Den største og mest krevjande modulen i programmet er kabinkurset. Som ein del av lærlingeordninga får ein m.a. også eit opphald i Berlin i 3 månader. Fullført og greidd lærlingeopplæring gjev fagbrev i Reiselivsfaget.
Sandra sa at ein kan søkje Norwegian om å bli utplassert hos dei i ei arbeidsveke.
Under nokre bilete frå besøket. Foto: Inge Kvamme