Publisert 24. februar 2010 10:58:59 av Inge Kvamme
-ein musikal framført av musikklinja ved Volda vidaregåande skule.
Musikalen er basert på musikk av Michael Jackson, og er skriven av Jan Terje Eidset.
”I utkanten av skogen Oriowald finn vi bygda Vladaki. Vladaki er i grunnen ei heilt vanleg vestlandsbygd, der store fjellformasjonar skaper ei ramme rundt den bratte skogsida som varsamt dett ned mot dei små drivkvite husa som ligg tett i tett heilt ned med fjøra. Her livnærer dei seg som folk flest ved å drive i jorda og med fiske. Før i tida dreiv dei til og med i skogen, men ikkje no . . .
Oriowald har blitt ein frykta skog. Ein skog der mange har vandra inn utan å kome tilbake.
I Vladaki finn vi også Maria og familien hennar. Maria bruker alltid å seie at det er dei tre s-ane ein treng for å overleve som jente i ei vestlandsbygd; ein må vere sta, sterk og snill. Og det er slik ein også kan beskrive Maria. I tillegg kan heilt sikkert mange av gutane i bygda skrive under på at Maria også er ei vakker jente, og ikkje minst ettertrakta.
Sjølv om Maria er myndig, bur ho framleis heime med mor og far, og har eit godt forhold til familien sin. Men ho held ein ting skjult for dei. Ho går nemleg ofte i skogen. Og skogen har mange løyndomar. Ein av dei er Victor.
Maria elskar Victor og Victor elskar Maria, og så lenge løyndomen er deira, og berre deira, er alt ein harmoni.
Men bak kulissene er løyndomen trua, noko som ikkje lovar godt for kjærleiken…”
Som vanleg står media (klasse 2MK) for PR og dokumentasjon av musikalen, medan service og samferdsel (klasse 1SA) er ansvarlege for musikalkaféen. I tillegg har studiespesialisering med formgjevingsfag ved Ørsta vidaregåande skule laga kostyme til skodespelarane.
Premiereførestillinga gjekk av stabelen i Ørsta kulturhus tysdag 16. februar klokka 19:30, og så var det kveldsframsyningar onsdag og torsdag 19:30.
I tillegg var det dagframsyningar kl. 11:30 onsdag og torsdag for skulane i Volda og Ørsta. Kveldsframsyningane onsdag og torsdag vart fort utselde, og difor vart det opna for å ta imot betalande tilskodarar på dagframsyningane onsdag og torsdag.
Totalt var det ca. 1315 tilskodarar på dei fem framsyningane, og av desse var ca. 865 betalande.
2MK har laga ei eiga heimeside for musikalen. Klikk på biletet under.
Kamilla Kløvning spelar Maria og Simen Rotevatn spelar Victor.
"Sunnmørsposten" hadde rosande omtale av musikalen onsdag 17. februar. Klikk her!
"Møre" og "Møre-Nytt" hadde store, svært positive reportasjar torsdag 18. februar.
Her kan du sjå ein kort omtale med video på "Møre" si nettside.
Det er berre å slutte seg til rekkja av gratulantar og takke musikklinja med gode hjelparar for ein strålande musikal. Mange meiner at deler av framsyninga er "best ever" og at den totalt sett er blant dei aller beste som har vore oppsette ved Volda vidaregåande skule. "Moonwalker" er nr. 14, og for interesserte tek vi her med ei full "musikaloversikt":
1997: "West Side Story"
1998: "Les Miserables" og "Miss Saigon"
1999: "Hair" og "The Phantom of the Opera"
2000: "Fame" og "The Beauty and the Beast"
2001: "Chess" og "Mamma Mia"
2002: "Kristina från Duvemåla" og "Heal the World"
2003: "Which Witch"
2004: "Moulin Rouge"
2005: "Grammatikk og kjærleik" (om livet til Ivar Aasen)
2006: "Broadway Story"
2007: "Ringaren"
2008: "The World of Oz"
2009: "Killer Queen"
2010: "Moonwalker"
Under to bilete frå premieren. Foto: Elevar 2MK
Kamilla Kløvning og Simen Rotevatn i hovudrollene
Vampyrane i aksjon
Under eit par bilete frå førebuingane til musikalen:
Martin Morland, Gunnar Aurdal og Elias Vatnøy øver intenst.
Foto: Marthe Rydjord Hansen
Korrekt utstyr og opprigging er viktig.
Foto: Linda Gjerde Hageselle