MK-elevar hjelper 9.-klassingar med "Volda rundt"

Denne veka har 123 niandeklassingar frå Volda ungdomsskule, Folkestad skule, Austefjord skule og Dalsfjord skule vore inndelte i grupper på 15 og laga kvar sin dokumentarfilm på 5 min. om Volda.

Gruppene har m.a. laga små dokumentarfilmar om:

  • Sivert Aarflot-museet
  • Båtbygging på Bjørkedalen
  • Kometland
  • Brænne-brus
  • Ferja Folkestad-Volda
  • Kvivsvegen
  • Merkesteinane
  • Dalsfjord Bluegrass

16 elevar frå 2MK har hjelpt gruppene med redigering og gode råd. Høgskulen i Volda har stilt til disposisjon redigeringslokale, og MID-linja (media, IKT og design) på høgskulen har lånt ut diverse utstyr.

Midlar til prosjektet kjem gjennom den kommunale kultursekken og frå sponsorar.

Før filmveka har 25 av elevane delteke på dokumentarfilmkurs med Frost Media. Desse har vore rådgjevarar for gruppene sine.

Frost Media skal sy saman alle dei ferdige kortfilmane til ein kinofilm når prosjektveka er over.

Det vil bli produsert kopiar av filmen, og desse kan elevane selje til slekt og venner og ev. kjøpe filmutstyr for overskotet.

Klikk på peikar under for å sjå ein presentasjon av redigeringa på høgskulen saman med elevar frå 2MK.
Foto: Ståle Hansen

VOLDA RUNDT

VOLDA RUNDT.pdf 686,28 kB

  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
juli 2010
man tir ons tor fre lør søn
      1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30 31


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.