Megashow for Ormen Lange

Laurdag 6. oktober var 70 elevar og 6 lærarar på musikklinja ved Volda vgs. med på det gigantiske showet som markerte opninga av gassutvinninga ved Ormen Lange-feltet i Nyhamna på Aukra.

Elevar og lærarar frå Volda vgs., Fagerlia vgs., Molde vgs. og Atlanten vgs. utgjorde til saman eit kjempekor på ca. 330 songarar.
Alle vart køyrde til Molde tidleg torsdag morgon i bussar leigde av Hydro. Så var det knallhard øving med dirigent Håkon Matti Skrede torsdag og fredag, med generalprøve fredag kveld. Alle var innlosjerte på Hotel Alexandra. Laurdag føremiddag var det fri, og så var det oppvarming og ei siste gjennomkøyring av opninga av "Carmina Burana" i Molde domkyrkje. Og så stod berre sjølve showet att. Konferansier var Frode Alnæs, og artistane var: The Brazz Brothers, Annbjørg Lien, Dance With a Stranger, Ane Brun, Jo Nesbø (saman med Ola Kvernberg og Lars Jones), musikklinjekoret og til slutt Røyksopp. Over 11.000 møtte fram for å få med seg denne eineståande multimediaframsyninga.

Dei to innslaga som koret hadde saman med Ane Brun, "Rubber and Soul" og "Song no. 6", var flotte både å sjå og høyre på, men det var "O Fortuna" frå "Carmina Burana" som gjorde sterkast inntrykk. Koret var delt i to hovuddelar, på tribunar på kvar si kortside av stadion, medan nokre elevar var plasserte på hovudscena saman med artistane. Klangen frå det enorme koret med unge røyster var både mektig og rørande, i tillegg til at dei var flotte å sjå på, med kvite dressar i flaumljoset. (Bileta i PDF-presentasjonen er frå generalprøva fredag.) Gyro Events hadde det arrangørtekniske ansvaret for showet, og Ivar Dyrhaug (kjend som programleiar for "Beat for Beat") i leiinga for dette selskapet kom bort til koret etter showet og gav dei lovord og applaus. Det vanka også mange velfortente lovord frå dirigent Håkon Matti Skrede, prosjektleiar Steffen Blindheim og dei medfølgjande lærarane.

Etter det heile var over vart elevar og lærarar køyrde heim i innleigde bussar, og Volda-gjengen var ikkje heime før litt før eitt om natta. Vi var likevel alle samde om at det hadde vore ei stor og lærerik oppleving, vel verd ein del venting og frysing, og eit minne for livet. Ein ekstra bonus var at elevar og lærarar ved dei 4 skulane vart betre kjende med kvarandre.

Under nokre bilete frå showet. Til slutt har vi lagt inn eit PDF-dokument med større bilete.

Frode Alnæs var både konferansier og artist med "Dance with a Stranger" Foto: Erik Birkeland

Jo Nesbø, Ola Kvernberg og Lars Jones. Foto: Erik Birkeland

Guro Fostervold leia overføringa frå den offisielle opninga på Aukra. Foto: Erik Birkeland

Ormen bit seg sjølv i halen, og koret syng "O Fortuna" frå "Carmina Burana" av Carl Orff. Foto: Erik Birkeland.

Til slutt altså eit PDF-dokument med større bilete, nokre av meir lokal interesse. Foto: Yngvil Birkeland og Inge Kvamme.

Ormen Lange


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
juli 2010
man tir ons tor fre lør søn
      1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30 31


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.