Publisert 30. desember 2009 18:31:40 av Jørund Fet
Volda vidaregåande skule startar opp kveldskurs i historie, med første kurskveld onsdag 13. januar kl. 18.
Historie er eitt av seks fag som krevst for å få generell studiekompetanse, og som dermed kvalifiserer til studium på høgskular og universitet. Dei andre faga er norsk, matematikk, engelsk, naturfag og samfunnsfag.
Volda vidaregåande skule har dette skuleåret i gang kurs i engelsk og naturfag, som sarta i haust og vert avslutta i juni.
Kurset i historie er eit halvårskurs som vert avslutta med eksamen i juni 2010.
Kurset vil gå på kveldstid onsdagar, ca 2 klokketimar kvar gong, mellom kl. 18 og 20.
Målgruppa for kurset er søkjarar med vaksenrett, dvs søkjarar som ikkje har fullført vidaregåande utdanning og er 25 år eller eldre. Med atterhald om plass, vil søkjarar som ikkje oppfyller desse krava også kunne delta på kurset. Det er inga kursavgift.
Søkjarar som har vaksenrett har også rett på gratis læremiddel (lærebok). Læreboka som vil bli brukt på kurset er: Grimsnes og Hellerud: Tidslinjer påbygging. Aschehoug 2009. (Pris kr. 595,-) Viss ynskjeleg kan andre lærebøker nyttast, etter avtale med faglærar.
For påmelding eller spørsmål ta kontakt med Volda vidaregåande skule, ved Jørund Fet, tlf. 70 05 93 00. Påmelding er og mogeleg første kurskveld.
Meir utfyllande informasjon får du ved å trykkje på peikarane under.
Tidslinjer påbygging
Læreplan i faget historie
Informasjon om vaksenopplæring ved Møre og Romsdal fylke