Publisert 16. juni 2008 12:46:12 av Jørund Fet
Volda vidaregåande skule vil frå hausten av tilby kurs i fag som gir generell studiekompetanse. Kursa vil gå på kveldstid, og er først og fremst innretta mot vaksne som har rett til vidaregåande opplæring.
Aktuelle fag er
- Norsk
- Matematikk
- Engelsk
- Naturfag
- Historie
- Samfunnsfag
Desse kursa stettar kravet til generell studiekompetanse, som kvalifiserer til studium på høgskule- og universitetsnivå.
Dei fleste kursa vil gå over eitt år, med eksamen våren 2009. Kurset i Samfunnsfag vert gjennomført på eit halvt år.
I alle kursa vert det undervist etter dei nye læreplanane i Kunnskapsløftet.
Interesse og påmelding vil avgjere kva kurs som vert starta opp. Volda vgs. vil samarbeide med Ulstein vgs., slik at det samla kurstilbodet for regionen vert koordinert. Kurs som ikkje vert tilbydd i Volda frå hausten, vil verte tilbydd i Ulsteinvik, og omvendt.
Ta kontakt med oss slik at vi kan vurdere kva rettar du har etter Opplæringslova for å få fullført vidaregåande opplæring, og om du har rett på realkompetansevurdering innanfor ulike fag.
Ring 70 05 93 00 for registrering og påmelding, eller om du har spørsmål.