Konsert i Volda kyrkje torsdag 12.11.

Torsdag 12. november arrangerte musikklinja ved Volda vgs. kyrkjekonsert for femtande gong. Sjølv med litt fråfall pga. svineinfluensa, var det likevel ca. 80 elevar som var i aksjon, i tillegg til lærarar som konferansier, dirigent og akkompagnatørar.

Sidan det var ein jubileumskonsert, var det spandert litt ekstra på både lyd og lys. Men det var ikkje berre rammene rundt konserten som var vakre og av høg kvalitet, innhaldet var også verkeleg både variert, vakkert og imponerande. Musikkelevane stod fram med både varheit og styrke, og var svært flinke til å oppmuntre kvarandre. Heile elevflokken fungerte dermed som ei dynamisk eining, sjølv når ein elev song eller spela solo. Kyrkja var fullsett, og både små og store spissa øyre og auge, tydeleg heilt med på notane.

Møre, Møre-Nytt og Sunnmørsposten hadde svært rosande og positive omtalar av konserten i utgåvene laurdag 14.11.

Hildur Sandstad Dalen var konferansier, Siv Aurdal dirigerte koret og Kjetil Eiksund og Hildur Sandstad Dalen hadde arrangert ein song kvar.

Lærarar som medverka som akkompagnatørar var Kjetil Eiksund, Stein Henrik Vartdal, Gunnar Aurdal og Ragnhild Engeset. Tidlegare musikkelev Øyvind Klungre var akkompagnatør på både flygel og orgel.

Vi gratulerer musikklinja med ein strålande gjennomført kyrkjekonsert!

Under har vi lagt ut ein presentasjon med store bilete frå konserten. Klikk på peikaren under.
Foto: Espen André Breivik

Kyrkjekonsert 09


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
mars 2010
man tir ons tor fre lør søn
1 2 3 4 5 6 7
8 9 10 11 12 13 14
15 16 17 18 19 20 21
22 23 24 25 26 27 28
29 30 31      


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.