Publisert 07. mai 2008 09:29:12 av Inge Kvamme
Fredd Brekke frå politiet var på besøk onsdag 7. mai og hadde ein dialog med russen om haldningar og framferd i trafikken, eit svært aktuelt tema i russetida.
Han snakka om rus og trafikk ut frå ein biletpresentasjon og viste filmen "Kjære søster". Programmet er ein del av 1840-aksjonen. 1840?... ein 18-åring har 40 gongar så stor sjanse for å køyre av vegen som ein meir erfaren sjåfør...
Under har vi lagt inn to bilete frå seansen i festsalen.
Foto: Inge Kvamme