Killer Queen - m/link til eiga heimeside

For 13. gongen har musikklina ved Volda vidaregåande skule gjennomført ein ny musikal,"Killer Queen". 18. og 19. og 20. februar har det vore skuleframsyningar og kveldsframsyningar, med fulle hus og stor suksess. I tillegg var det elevframsyning og kveldsframsyning på Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik 10. mars.

Tradisjon

Musikklina har i løpet av alle desse åra synt ei fantastisk evne til å presentere musikkteater i mange sjangrar på høgt nivå. Som eit prosjekt i undervisinga er forarbeidet og framføringane eit stort løft der elevar og rettleiarar må yte maksimalt. I fjor var det "The World Of Oz" som vart framført, til stor begeistring både frå publikum og pressa. Musikalen i år er ein nyskriven fabel av Jørn H. Persson som er basert på musikk av den kjende popgruppa Queen, der den suverene vokalisten Freddie Mercury var frontfigur.

Kvardagsdrama

Historia i "Killer Queen" er lagt opp rundt Fred (Freddie) Johnsen som er kelner i puben The Emerald Bar, eigd av Sverre Hansen. På fritida syng Freddie i bandet The Champions i lag med venene sine. Han vil bort frå den trivielle kvardagen og har ambisjonar om å gjere suksess i lag med bandet sitt. Parallelt får vi sjølvsagt utlagt ei romantisk historie med overklassejenta Nina Wiik. Ho er diverre allereie oppteken med forretningsmannen Roberto Giovani - så her er det duka for dramatikk.

Samarbeid

Det er ikkje berre musikklina som dreg nytte av eit slikt prosjekt. Også medium- og kommunikasjonslina (MK) ved skulen er sterkt involvert. Elevane der skal syte for marknadsføringa av arrangementet og levere grafisk materiell og effektar, t.d. årets logo som du ser øvst på sida. Elevar på Service og samferdsel skal drive kafé med servering av mat og drikke. Slik får ein synergieffekt av dei forskjellige studietilboda ved skulen.

Tekst: Elisabeth Hjelle Halkjelsvik

MK har lagt ut ei eiga heimeside for "Killer Queen". Klikk på biletet under.

Premieren var altså onsdag 18. februar. Kinosalen i Ørsta Kulturhus var praktisk talt fullsett, og ein kan trygt seie at musikalen tok tilhøyrarane med storm. Sjølv om historia kan seiast å vere enkel og banal (sjå omtale lenger oppe), har ho dei ingrediensane som skal til for å skape god og gripande underhaldning: Ein roleg innleiingsfase som førte oss inn i settinga, med kunstnarlege ambisjonar, maktarroganse, sympati og gryande kjærleik. Så bygde det heile seg opp mot eit dramatisk klimaks med konflikt og død, og til slutt fekk vi siger til dei gode kreftene og happy ending. Like enkelt som genialt, og då "We Are The Champions" tona ut, var stemninga i salen elektrisk, nesten ekstatisk, med langvarig ståande applaus. Dei resterande framsyningane, både i Ørsta og Ulsteinvik, var om mogleg endå betre, og salane var bortimot fullsette. Til saman 2240 elevar og betalande tilskodarar såg musikalen.

Vi takkar elevar og lærarar på musikklina for nok ein gong å ha gitt oss ei stor oppleving, med mange magiske augneblinkar. Stor takk også til medielina for PR, dokumentasjon og musikkvideo og service og samferdsel for musikalkaféen "Bohemian Cafe". Formgjeving ved Ørsta vgs. med ansvarleg lærar Bodil Hovden fortener også takk for bidrag med flotte kostyme.

Under nokre bilete frå premieren, med ein påfølgjande presentasjon med fleire og større bilete. Foto: Inge Kvamme

Musikalkaféen, driven av elevar i 1SA.

Frå musikkvideoen, laga av elevar i 2MK.

Scene frå "The Emerald Bar".

Den maktarrogante mafiabossen Roberto Giovani syng ut.

Freddie og Nina har funne tonen.

Klikk på biletet under for å sjå ein presentasjon med fleire og større bilete.

Onsdag 18. februar var det generalprøve ca. kl 13, og Inge Kvamme tok nokre bilete (under).

Lærarar slappar av før generalprøva.

Nytt av året er ein innlagt musikkvideo.

Det er søndag 15. februar og premieren nærmar seg med stormskritt. Difor er det drama- og korøving i festsalen. Sjå bilete under. Foto: Inge Kvamme

Dramaøving, med instrukørarne Bente Elin og Jan Terje til høgre.

Gåing i ring med bøy og tøy.

Korinstruktørar er Siv, Hildur og Merethe.

Under to bilete frå ei bandøving 3. februar.
Foto: Inge Kvamme

Jørgen på bass, Torgeir på gitar og Olav på keyboard.

Instruktør Stein Henrik i muntert driv.


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.