Publisert 20. desember 2007 15:00:14 av Inge Kvamme
Torsdag 20. desember var siste skuledag før jul, med skule to timar, julegudsteneste i Volda kyrkje og juleavslutning for tilsette og pensjonistar i festsalen.
Først eit glimt frå gang rundt juletreet på nedre.
Foto: Håvard Krøvel-Velle
Musikklinjekoret song m.a. "O helga natt" i kyrkja, med Fredric Bjørdal som solist. Biletet er frå julekonserten 22. november. Foto: Kjell Andreas Oddekalv
Så nokre bilete frå juleavslutninga for tilsette og pensjonistar i festsalen.
Under desse bileta finn du eit pdf-dokument med fleire og større bilete.
Foto: Lars Ørstavik
Susanne, Aurora og Sofie spela vakkert på fløyte.
Magne, Inge, Kjetil og Stein Helge song "Jul, jul, strålande jul".
Rektor Margaret tala.
Vibeke, Olbjørn og Oddrun song "Stille Natt" på tysk, fransk og norsk.
Til slutt altså eit pdf-dokument med fleire og større bilete frå juleavslutninga i festsalen. Foto: Lars Ørstavik
Klikk på peikaren under.