Hospitering tysdag 11. mars

Workshop
Som annonsert tidlegare, kom 9.-klassingar frå Volda ungdomsskule til oss tysdag 11. mars, for å vere "elevar" på ST, MD, MK og SA heile dagen.

Etter ei kort felles orientering for alle, vart dei besøkjande elevane fordelte på dei 4 utdanningsprogramma våre, ST (studiespesialisering), MD (musikk, dans og drama), MK (medium og kommunikasjon) og SA (service og samferdsel).

Kl. 11 vart så alle samla til felles gratis lunsj i kantina.

Deretter heldt hospiteringa fram til kl. 14.

Med nokre få unntak var det elevar og lærarar på Vg2 som fekk besøk.

Aktivitetane Volda-elevane fekk vere med på, var:

  • Tysk, fransk, spansk
  • "Rettssak" i rettslære
  • Forsøk i naturfag og fysikk
  • Musikkformidling, samspel-workshop, musikkquiz og kor
  • Radio/lydstudio, avis, web/multimedia, foto og animasjon
  • Diverse aktivitetar på SA

Det verka absolutt som elevane hadde det kjekt hos oss.

Vi takkar elevar og lærarar for flott innsats!

Under nokre bilete frå dagen. Foto: Inge Kvamme

Først frå samspel-workshop:

Så frå "rettssak" i rettslære :

Vidare til forsøk i fysikk:

...og til forsøk i naturfag:

Eit bilete frå animasjon:

Til slutt to andre bilete frå media, tekne av MK-elevar:


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
september 2010
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30    


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.