Publisert 13. mars 2008 15:24:08 av Inge Kvamme
Torsdag 13. mars var turen komen til 9.-klassingar frå Ørsta ungdomsskule til å prøve ut utdanningsprogramma våre, ST, MD, MK og SA.
Også torsdagen tok til med ei lita orientering i festsalen, før elevguidar førte 9.-klassingane til dei fire utdanningsprogramma.
Kl. 11 fekk alle gratis lunsj i kantina. På MD, MK og SA heldt deretter fagopplegget fram, medan det var omvising og konsert på ST til 12:30.
Hospiteringa vart avslutta kl. 14.
Ørsta-elevane fekk vere med på desse aktivitetane:
- ST: Tysk, fransk, spansk, konsert, breiddeidrett, rettslære, biologi og data
- MD: Musikkformidling, musikk i perspektiv, kor, ensemble-workshop og quiz
- MK: Radio/lydstudio, avis, web/multimedia, foto og animasjon
- SA:Økonomi, marknadsføring, tryggleik og prosjekt til fordjuping
Ørsta-elevane såg ut til å ha det minst like kjekt som Volda-elevane.
Takk til elevar og lærarar for kjempegod innsats!
Under nokre bilete frå dagen. Foto: MK-elevar og Inge Kvamme
Først frå fransk:
Så Ørsta-elevar som et lunsj:
Deretter to glimt frå SA:
Musikk-quiz på rom 4:
Ensemble-workshop:
Forsøk i biologi:
Systerbesøk i informasjonsteknologi;
Til slutt 3 bilete frå media, tekne av media-elevar: