Publisert 02. november 2009 11:20:11 av Inge Kvamme
Måndag 26.10., tysdag 27.10. og fredag 30.10. hadde vi på besøk mange 10. klassingar frå ytre Søre Sunnmøre. Elevar hospiterte hos oss ein eller to dagar på musikk og/eller media, i og med at dei vidaregåande skulane på ytre (Ulstein vgs. og Herøy vgs.) tilbyr dei andre utdanningsprogramma våre.
Volda og Ørsta kommunar hadde hospitering/utprøving i vidaregåande skule for 9. kl. i fjor, så dei var ikkje med i år.
Til saman var 100 10.-klassingar på skulen desse dagane, om ein reknar som to dei elevane som hospiterte på både musikk og media.
Hospiteringa/utprøvinga er ein del av det nye faget "Utdanningsval", som ungdomsskuleelevane har i 8.-10. klasse
For å gi innblikk i føremålet med desse dagane, siterer vi frå læreplanen i faget. "Utdanningsvalg skal bidra til å skape helhet og sammenheng i grunnopplæringen og knytte grunnskole og videregående opplæring bedre sammen. Å få prøve ut interesser og bli bevisst egne evner og anlegg kan bidra til at flere foretar mer kunnskapsbaserte valg av utdanning og yrke".
Hospitantane på musikk fekk vere med på følgjande aktivitetar:
- Musikkquiz
- Kreativ musikkfordjupingsverkstad
- Samspel
- Kor
- Musikalmimring
Aktivitetar media:
- Felles info
- Filmlyd
- Avis
- Foto
- Web/Flash/Multimedia
- Radio/Lyd
- Animasjon
10.-klassingane fekk gratis lunsj i den flotte, nyoppussa kantina vår.
Det verka som dei var godt nøgde med det dei fekk oppleve på dei to utdanningsprogramma våre.
Under har vi lagt ut presentasjonar frå hospiteringa.
Måndag hadde vi elevar frå Møre, Ytre Herøy, Stokksund, Kvamsøy og Myklebust.
Klikk på peikar under. Foto: Inge Kvamme
Tysdag kom elevane frå Gursken, Sandsøy, Møre, Myklebust, Ytre Herøy og Stokksund.
Klikk på peikar under. Foto: Inge Kvamme
Fredag kom elevane frå Hareid, Ulstein og Åheim.
Klikk på peikar under. Det vart diverre berre teke bilete frå media. Foto: Elevar 2MK
Media har laga ein hospiteringsblogg. Klikk på biletet under.