Historiske dagar hausten 2009

I samarbeid med Sunnmøre Museum arrangerte Volda vgs. historiedag for 100 elevar i 3. klasse studiespesialisering. Ein heil dag var avsett til ute- og inneaktivitetar på Haualeitet, i Rotsetfjøra (v. Garvarbuda) og på Voldsfjorden. Elevane fiska, rodde og segla , laga mat og åt den, mm.

Elevane vart delte i to grupper, den eine hadde historiedag tysdag 15. sept, den andre fredag 18. sept.

Dettte er ei oppfølgjing av historiedagane frå i fjor, med nokonlunde same innhald. Nytt i år er at elevane (friviljug) fekk vere med på å tilbereide slakt, skylje tarmar bl.a.

Elevane var innom desse hovudtemaa: garden, sjøen, næringsutvikling og opplysingstid.

Føremålet med historiedagen er at elevane skal få auka forståing av korleis folk levde tilbake i tid ved å sjå, høyre, lukte, smake, kjenne på og prøve. Med andre ord la elevane frå seg PC-en, mobiltelefonen, i-poden og andre elektroniske duppedittar - til og med papir og penn, og møtte med opne sansar og godt kledde til å vere ute.

Klikk på peikaren under for å sjå/laste ned ein presentasjon frå dette flotte tiltaket. Tekst og foto: Lars Ørstavik

Historisk dag 09


  • Søk:

Kontaktinformasjon:

Volda vidaregåande skule
Vevendelvegen 35
6100 Volda
Tlf: 70059300
Fax: 70059350
E-post: Post til skulen
februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      


Classfronter


Alt innhald tilhøyrer Volda vidaregåande skule. Sida er utvikla med eZ publish.