Publisert 06. mars 2008 15:07:45 av Inge Kvamme
Veke 11 vert ei annleis og forhåpentlegvis spanande veke for 9.-klassingane i Volda og Ørsta. Elevar frå Volda ungdomsskule og Ørsta ungdomsskule skal prøve ut forskjellige utdanningsprogram ved Volda vidaregåande skule og Ørsta vidaregåande skule.
Dei elevane som har valt å prøve ut studiespesialisering, skal følgje vegen vidare inn i Høgskulen i Volda for å få ein smakebit av dei vidare utdanningsvegane der.
Utprøvinga er eit pilotprosjekt for å førebu den obligatoriske innføringa av eit nytt fag på ungdomstrinnet frå hausten 2008, programfag til val.
Faget vert då obligatorisk på alle tre årstrinna på ungdomstrinnet:
- Arbeid med interesseprofil og dugleiksprofil, lokalt næringsliv og utdanningsprogram i vgs. i 8. klasse.
- Velje to utdanningsprogram i vgs. som ein skal fordjupe seg i på 9. trinnet.
- Utforske næringslivet nærare gjennom praksis, først og fremst innan valde utdanningsprogram i 10. klasse.
- Elevane skal gjennom dei tre åra dokumentere arbeidet og kunnskapen som dei har tileigna seg i ei mappe som skal følgje dei over i vidaregåande skule. Denne mappa skal vere med på å danne grunnlaget for det vidare arbeidet der.
Ved Volda vgs. vert utprøvinga organisert slik:
- Tysdag 11. mars kjem 49 elevar frå Volda og skal vere hos oss frå 09:00 til 14:00 på ST, MD, MK og SA.
- Torsdag 13. mars får vi besøk av 41 elevar frå Ørsta, med same opplegg som tysdag.
Vi startar med fellesorientering i festsalen kl. 9, og så vert elevane følgde til ST, MD, MK og SA, der dei skal få innføring i nokre av faga og vere med på aktivitetar. Kl. 11 serverer vi lunsj til alle besøkjande i kantina. Etter lunsj vert det omvising for hospitantar på ST, før faglege aktivitetar held fram til kl. 14.
Vi kjem attende med reportasje om det som skjer på desse to dagane.
Til slutt vil vi oppmode alle om å ta godt imot dei besøkjande, og ønskje dei velkomne som framtidige elevar på Volda vgs.