Publisert 15. desember 2008 09:33:42 av Inge Kvamme
Med eit fjellsportmotiv vann Håvard Myklebust i 2ST2 1. premien i Møre og Romsdal fylke sin fotokonkurranse for studentar og elevar i vidaregåande skule. Fotokonkurransen inviterte til bilde knytt til den nye fylkesplanen sin visjon "Vi vågar litt meir". Jf. tidlegare nyheitsoppslag på heimesida.
- Eg er både glad og overraska over sigeren, og synest sjølvsagt det er svært hyggeleg, seier Håvard Myklebust. Han er ein aktiv fotograf på fritida, som ikkje minst knipsar mange naturmotiv. Fotoutstyret fekk han sist jul, og sidan då er det blitt mange turar og mange motiv. Sjølve vinnarbildet er teke ein aprildag på Urkesdalstinden
Juyren seier om bildet til Håvard Myklebust:
"Eit motiv fylt av livskraft, vågemot og kompetanse,
i spektakulære omgjevnader og med ein komposisjon og eit teknisk nivå som er imponerande"
Det var i i november at fylkesplansjef Ole Helge Haugen inviterte skuleungdom og studentar til å sende inn bilde knytt til hovudsatsingsområda i fylkesplanen: Kultur, kompetanse og verdiskaping.
Responsen var god, og det kom inn bilde frå ungdom i alle regionar i fylket. Fylkesplansjef Ole Helge Haugen, som leia juryarbeidet, seier at det kom inn mange spennande motiv til konkurransen, og det var ei krevjande oppgåve å plukke ut vinnarane: - Vi ser at det er mykje kreativitet og flinke fotografar rundt om i fylket, og eg vonar alle tek med seg initiativ og skaparkraft vidare i utdanning og arbeidsliv, seier Haugen, som no ønskjer å bruke konkurransebilda i ulike samanhengar knytt til fylkesplanen.
Premien for vinnarbildet er fotoutstyr for 6000 kroner, medan dei som kom på 2. - 4. plass får 2000 kroner kvar og dei som kom på 5. - 7. plass får 1000 kroner kvar.
Vi gratulerer Håvard med denne flotte prestasjonen!
Den stolte fotografen med vinnarbiletet.
Ein større versjon av vinnarbiletet.
Klikk på peikaren under om du vil sjå ein fullskjermversjon.